Midt-norsk mesterskap er over

Så har Valldal IL gjennomført Midt-norsk mesterskap i langrenn 2018. Arrangøren er godt nøgd og vi vonar også at løparar, leiarar, foreldre og andre gjestar har hatt ei fin og triveleg helg i Valldal.

Vi vil takke alle som besøkte oss. Takk for innsatsen og takk for mange positive tilbakemeldingar.

Stor takk til alle funksjonærar og hjelparar som har stått på i to dagar- og mange også fleire dagar enn no i helga . Utan kvar enkelt sin innsats hadde dette ikkje vore muleg å gjennomføre.