Stilfull premieutdeling på laurdag

Premieutdeling for rennet på laurdag var lagt til kultursalen på Martin Linge huset. Premieutdelinga var delt i to avdelingar slik at løparar, foreldre og leiarar skulle få plass. Premieutdelar var leiar i Møre og Romsdal skikrets Astrid Eide Stavseng godt assistert av bunadskledde jenter. Det vart også vist bileter frå rennet.