Her er ei samling bileter frå Midt-norsk mesterskap 3.-4. februar
Midt-norsk mesterskap er over
Så har Valldal IL gjennomført Midt-norsk mesterskap i langrenn 2018. Arrangøren er godt nøgd og vi vonar også at løparar, leiarar, foreldre og andre gjestar har hatt ei fin og triveleg helg i Valldal.
Vi vil takke alle som besøkte oss. Takk for innsatsen og takk for mange positive tilbakemeldingar.
Stor takk til alle funksjonærar og hjelparar som har stått på i to dagar- og mange også fleire dagar enn no i helga . Utan kvar enkelt sin innsats hadde dette ikkje vore muleg å gjennomføre.
Resultat søndag
Resultatlister frå fristil på søndag
Stilfull premieutdeling på laurdag
Premieutdeling for rennet på laurdag var lagt til kultursalen på Martin Linge huset. Premieutdelinga var delt i to avdelingar slik at løparar, foreldre og leiarar skulle få plass. Premieutdelar var leiar i Møre og Romsdal skikrets Astrid Eide Stavseng godt assistert av bunadskledde jenter. Det vart også vist bileter frå rennet.
Resultatliste
Her er resultatliste for laurdagens renn i klassisk
Lagleiarmøte
Referat frå lagleiarmøte fredag 2.2.18 finn de her Referat lagleiarmøte 2.2.18
Kiosk og kafeteria
Det vert kiosk og kafeteria begge dagar på klubbhuset til Valldal IL. Her vert det muleg å få kjøpt både varme og kalde rettar. Betaling kontant, betalingsterminal eller VIPPS- Valldal IL ski # 109733. Det er same tilbudet i samband med premiesermonien laurdag ettermiddag på Martin Linge huset.
Startlister
Starlister er lagt ut under menypunkt «Startlister/resultat»
Påmelding stengt
Påmelding på Min idrett er stengt. Ta gjerne ein kontroll av påmeldte at alle løparar som skal delta har kome med. Eventuelle feil eller manglar må meldast snarast til Einar Hoel, e-post einar.hoel@mimer.no eller tlf 970 77165.
Løypekart – løypeprofilar
Løypekart og løypeprofilar ligg under menypunktet «Løyper – vér – føre»
Film frå løypene
Ein enkel gjennomgang av løypene til Midt-Norsk Mesterskap. Kamera bevegar seg ein del, men det gjev eit inntrykk av korleis løypene er. Første del av løypa er den same begge dagane, medan den siste delen berre blir brukt i klassisk. Det er markert i filmen kvar dette skillet er. Dei som skal gå 6 km klassisk skal gå siste del av løypa 2 gongar med ei runding inne på stadion. Sjå filmen her
Premiering
Arrangøren har bestemt at det vert 100 % premiering i alle klasser og alle distansar under Midt-Norsk mesterskap 2018.
I tillegg er det utrekkspremiar mellom alle deltkarar etter laurdagens renn. Utdelinga skjer i samband med premiesermoni i Martin Linge huset frå kl 17.00
Stakefrie soner
På klassiske distansar på laurdag vert det lagt inn stakefrie soner i løypene både på 4 km og 6 km
Midt-Norsk mesterskap nærmar seg
Det er stor aktivitet i løypene til Midt-Norsk mesterskap. Lokal Storfjordcup vart arrangert tysdag 16. januar med opp mot 90 deltararar i alle alderar. Tidlegare har det vore sonerenn for indre Sunnmøre. Dette var ein liten generalprøve for Midt-Norsk. Det fellestreningar og i tillegg let mange seg lokke til ein skitur i godt vinterver.
Flotte forhold i løypene
Det har no kome bra med snø i løypene på Omenås. Dei er flott preparert og det er fine forhold for trening og mosjon
Førebuingane er i gang
Midt-Norsk Meisterskap i langrenn 2018 blir arrangert i Valldal frå 2. til 4. februar. Langrennsgruppa i Valldal idrettslag er i gang med førebuingane og ser fram til eventyrlege skidagar.
Les meir «Førebuingane er i gang»