Innbyding

  Midtnorsk mesterskap i langrenn Valldal 3. – 4. februar 2018

Stad: Valldal Stadion

Fredag 2. februar kl. 12:00 – 20:00 :
Opent for trening i løypene på Valldal stadion.
Laurdag 3. februar kl. 11:00: Første start, klassisk enkeltstart
13 – 14 år: 4 km, 15 -16 år: 6 km
Søndag 4. februar kl. 10:00: første start, fristil enkeltstart 13 – 16 år: 2 km

Rennkontoret på Valldal Stadion er opent

  • fredag kl. 18:00-21:00
  • laurdag kl. 08:30-15:00
  • søndag kl. 08.30-13.30

Praktisk informasjon

  • Påmelding og betaling skal gjerast med bruk av Min Idrett innan søndag 28. januar kl. 23:59 via https://minidrett.nif.no/. Startkontingent 100 kr per distanse.
  • Startlister blir lagt ut på heimesida onsdag kveld (31.01.).
  • Etterpåmelding etter påmeldingsfrist kan gjerast mot dobbel startkontingent. For etterpåmelding send e-post til tidtakarsjef Einar Hoel (einar.hoel@mimer.no) innan fredag 2. februar kl. 12:00.
  • Det vil bli brukt Emit tidtakingsbrikker. Dei som har eiga brikke tar med denne. Vi leiger ut brikke for kr 50 pr distanse. Ikkje innlevert brikke vil bli fakturert med kr 700.
  • Premiering: Full premiering i alle klasser. Laurdag blir det premieseremoni i Martin Linge-huset kl.17.00. Søndag vert premieseremonien gjennomført på stadionområdet.
  • Lisens: Deltakarar over 13 år må ha løyst lisens (skiforsikring). Alle blir oppfordra til åta med dokumentasjon for dette. Eingongslisens kan kjøpast på rennkontoret for 50 kroner pr start.
  • Startnummer skal hentast ut klubbvis på rennkontoret.
  • Løypekart, startlister og arenakart vil bli lagt ut på MNM si heimeside
  • Dusj/garderobe: Dusj/garderobar i klubbhuset på Valldal stadion og i Martin Linge-huset i Valldal sentrum.
  • Parkering: 100 kr pr dag (inkl. fredag)/200 kr for heile helga. Betaling med VIPPS eller kontant.
  • Stadionkart med informasjon om arena/løyper og moglegheiter for å sette opp mindre klubbtelt blir publisert på heimesida og hengt opp på Valldal stadion. Ønske om plass til å sette opp klubbtelt skal meldast til Jan Ole Fuglem på e-post (jan.ole.fuglem@gmail.com)  innan søndag 28. januar.
  • Kiosk/mat: Salg av varm mat, kaker, vaflar, frukt, kaffi mm begge renndagane. Vi har kortterminal  og VIPPS for betaling.
  • Lagleiarmøte fredag kl. 20.30 i klubbhuset på Valldal stadion.
  • Uføresette vertilhøve som medfører at skirennet må avlysast: Arrangøren vil behalde inntil 50 % av startkontingenten til dekking av utgifter. Avlysing av rennet vil bli opplyst på heimesida og Facebook MNM Langrenn 2018